Tuesday, September 25, 2007

Tur til Sørøya




Tur til Sørøya
I helga fikk Annette stor innrykk av besøk, så i eit forsøk på å koma meg bort frå bryllupssnakk, fødsler og aent sladder. Kasta eg meg på ein tur Saman med Tom og Birgitte til Sørøya. Det var godt å konne hykka av ” Å dra på Lopphavet” frå ting eg må gjera før eg forlet Finnmark. Me budde i ei lita men koslig hytte/Rorbu i ei lita bygd som heit Breivikbotn. Her budde der vel ein 100stk. Den fyrste kvelden gjekk for det mesta til å sjekka ut byen og ka den hadde å by på. Etter 15 velbrukte minutter til dette formålet vart det ein roleg kveld med statskanalen og taco. Neste dag var det tidligt opp, kor dagen starta på verst mulig vis, det va ikkje kaffetrakter, eller kjele. ”Men i nøden lære selv fanden å spela golf”, elle noke slikt, så me fekk koka opp noko vatn i ei gryte og sila den over kaffefilter som me hadde med oss. Så etter å helt i oss noko vann, med brun farge, litt sånn som spring vannet i Oslo. Drog me avgårde til Sørver, det var den mest forblåste lille bygda der. Drog derfrå inn til Hassvik kor Tom sko dømma eit storoppgjør i 3.divisjon. Me slapp av Tom der, eg og Birgitte drog for å utforska andre delar av øya. Me havna etter litt derkor vegen slutta og det var i gårdsrommet til han Viggo. Ja, det var en koslig middeladrende kar som budde der saman med bikkja si. Han inviterte oss inn på kaffe og hattingsrundstykker. Det var utrolig koseig, men visste egentlig isje at det gjekk å spisa hatting sine rundstykker ustekte og den koffeinfri kaffen var også en liten nedtur, med tanke på at det var altfor mykje blod i koffeinomløpet mitt. Etter eit utrolig koslig opphold hos han Viggo. Så drog me for å se Tom døma desse fotballspelarane.

Etter kampen, var det tid for fjelltur. Noko som eg satte pris på, men kor folk får tak på denne kondisjonen veit eg ikkje. Eg har nå såte foran data maskinene dag ut og dag inn , men eg finn an ikkje. Dette hendar meg sånn ca kver einaste gong eg ska på tur med folk, eg slite me å holda tempoet oppe, for eg må alltid stoppa for å sjå på reinsdyr eller andre ting. Då det slår meg at eg hadde aldri kome lenger en fyrste etappe av 71 grader nord. Då hadde eg fått beskjed om at eg måtte gå ut for eg sinka gruppå. Målet forturen var ei stor hula, som var 15m høy, 3m bred og 40 m lang. Dette høyras jo ut som noko som skal vera overkomelg å finna, men nei. Me delta oss raskt, kor tom søka langs sjøen, mens eg begynte å klatra opp over fjellet/skårningen. Det var faktisk utrolig skummelt, for der var blaut mose og glatte steinar. Så når eg etter å ha små klatra nådde toppen, føla eg meg litt som ein katt i eit tre. ( Fant hellar ikkje hulå der oppe, den var selvfølgelig ned med sjøen). Eg såg ner, og det var vel ein 60m skrått bratt, rett ner i sjøen. Etter litt adrenalinpumping var eg nere igjen, me sjøen og me fant hula. Heilt utrolig, og der låg ennå skor og klee etter dei som hadde gøymt seg der under krigen. Når me kom heim den dagen, var me skotne heile gjengen, så det var rett ut på sofane heile kvelden. Men i det eg sko legga meg , måtte eg sova med vinduet oppe, for eg hadde bålfyrt. Og den ellers så rolige bygde me budde i tok heilt av denne kvelden og dansbandmusikken terroriserte meg til rondt kl 03.30. Så når dei andre vakna utkvilte kl 0730 klar for ein ny tur, måtte eg berre kapitulera og legge meg ner å sova vidare. Når eg så vakna drog sate me kursen heim etter ei flot helg på Sørøya

No comments: