Friday, October 12, 2007

As the snow flies...


As the snow flies….

Eg hadde bilen på Eu-kontroll sist uke og dei fortalde meg at eg måtte skifta eksos og bremser før dei kunne godkjenna bilen. Og i Finnmark må det meste bestillast. Så me måtte bestilla delane. Dei kom til Alta på Torsdag, så då hadde meg og magne godsnakka litt med Edvard som lot oss få lov å mekka i hallen på jobben hans. Dei som har kjend meg ei stund veit at der kvilar ein forbannelse over meg og torsdager. Og her var ein av dei torsdagane som bles liv i denne myten. Onsdag kveld var med på swingkurs, der var litt snø i lufta , men eg gjorde den konklusjonen at det den ikkje kom til å legga seg og at eg fint kunne sykla i praksis på Gakori skule, som ligg ein 10km frå oss, neste morgen. Så eg tussla i seng med ein slagplan for morgendagen.

Torsdagsmorgen: Eg vaknar opp frisk og utkvilt med godt mot, men av og til så ska det ikkje så mykje til for å ødelegga ein god morgen. For i det eg hadde helt i meg den fyrste kopp kaffen og endelig fekk opna augene , såg eg me skrekk og gru ut vindauget, der var snøstorm og der hadde snødd i ett ( målt seinare på dagen, 27cm). Eg prøva fyrst sjekka opp om der gjekk ein buss til Gakori, men det gjorde det ikkje, så då måtte eg berre pakka meg inn som om eg sko ein tur mot ein eller anna pol og grava fram sykelen. Det var eit eventyr av ein sykletur. Giren på sykelen hadde jo førse fast og der var såpeglatt både her og der og snøen i ansiktet var vel hellar ikkje den som ein god og varm klem. Ein halvtime seinare var eg på plass på jobb, kor eg ikkje klarte å høsta noko form for sympati fra desse galne hardbarka finnmarkingane. Men etter å ha fått sendt litt meldingar heim om min ”polferd i nord” fekk eg høsta litt sympati.

Kvelden gjekk med til å fiksa bilen , kor då meg Magne og Edvard skifta mellompotta, lydpotta, bremseklosser, bremseskiver og bremseslang på bilen. Så no bler det ikkje meir sykkelture før snøen forsvinn. ( altså i juni).

Tuesday, October 2, 2007

Helga

Kort oppsummering av helga som gikk. Me var ein tur på quiz på fredag, kor me gjorde ein relativt bra innsats. Me kom på ein hedarlig tredjeplass (av tre lag). Elle sagt på ein anna måte så, var det ,meg , Annette, Erlend, Tom, Birgitte, Astrid og Magne som var der. Magne som var quizmaster, spurte om isje me kunne dela oss i to sånn at me vart to lag. Så fikk han med seg dei i baren og dei danna eit lag. (Litt synd hvis isje kunne me ha klara ein andre plass). Etter quizen fekk me det for oss at me sko ta oss ein tur og laga bål og sjå på nordlyset. Det vart bare bronselaget og magne som tok turen (meg, Erlend, og Astrid) pluss quizmasteren. Etter å ha sulla rundt i skogen på Gakori, fant me til slutt Gakorivannet kor me slo oss ner. Det var heilt fantastisk og der fullmåne og nordlyset dansa på himmelen. Kl 04.30 vart me tom for brennsel og sidan me ikkje hadde me oss sovepose, tussla me heim då. Laurdagen vart det pizza og kino saman med Morten og Cathrine. Sundagen bruka eg til å syta og ligga på sofan, for då vart eg så forskjøla.